Gå til sidens hovedinnhold

Sissel (13) og dansevenninnene laga si eiga dansegruppe då dansestudioet stengte på grunn av korona

20. juni 2020, kl. 17:01

Regnet sette ingen stoppar for dei unge talenta som viste seg fram på terrassen i kafeen i Vågabakken på Jørpeland laurdag ettermiddag. Dansegruppa Change med Sissel Alsvik og dansevenninnen hennar frå Jørpeland og Forsand tok sjølv initiativ til å dansa saman då korona stoppa undervisinga deira i Jørpeland Dansestudio, og resultatet viste dei fram til stor applaus. Othelia Mæle, Alva Kvalvåg-Idsøe og Helle Siem song saman, tvillingparet Emma og Jesper Sangholt song og spelte saman, ei dansegruppe frå Strand kulturskole viste fleire dansar, Kristina Idsø og Ida Aanonsen spelte piano, Sofie Dreggevik spelte piano og song, medan systrene Aurora og Oda Eidem spelte og song saman. Oda Eidem song også saman med dei tidlegare klassevennene sine, Eline Overå og Vegard Hult. Felicia Oseland og Jesper Sangholt spelte og song også nokre songar saman. Nede i kjellaren i kafeen var kunstverk av elevar i Fargeklatten i Strand kulturskole stilde ut.