Gå til sidens hovedinnhold

Sjå årets siste kommunestyremøte i Sandnes her

Eit budsjett med kutt i hundremillionarsklassen står blant anna på saklista i dagens kommunestyremøte for Sandnes kommune.

I tillegg til budsjett for 2021 og økonomiplan for dei komande fire åra, skal dei folkevalde også diskutera sal av kommunale eigedommar.

Dette gjeld følgjande eigedommar i Forsand: Eiane gamle skule, Forsand, grendehus i Øvre Esepedal, prestebustaden på Forsand, ein kommunale bustad på Meling, Bergekrossen næringspark og ei leilegheit i Bergekrossen næringspark.

Kommentarer til denne saken