Sju fekk bot for mobilbruk då Bjarte kontrollerte bilistane: – Det går mykje i teksting
Torsdag ettermiddag hadde politiet åtferdskontroll på Fjelde i forbindelse med skulestart. Dei skal ha eit ekstra søkjelys på bilistar si åtferd i trafikken dei neste to vekene. Bjarte Nessa i politiet fortel at han håper på ei kulturforandring hos bilistane når det gjeld mobilbruk.