Skjerpa karantenekrav i Hjelmeland og Suldal frå klokka 21.00 søndag kveld

SKJERPAR KRAVA: Er du i byen i dag, må du vera heime før klokka 21.00 i kveld for å unngå å bli sett i karantene, seier ordførar Bjørn Laugaland og beredskapsteamet i Hjelmeland.

SKJERPAR KRAVA: Er du i byen i dag, må du vera heime før klokka 21.00 i kveld for å unngå å bli sett i karantene, seier ordførar Bjørn Laugaland og beredskapsteamet i Hjelmeland.

Er du ute og reiser i andre kommunar og kjem heim til Hjelmeland etter klokka 21.00 søndag kveld, må du i karantene, opplyser beredskapsteamet i Hjelmeland kommune.

DEL

– Me har per i dag ingen påvist koronavirussjukdom i våre kommunar, og som små sårbare kommunar ønskjer me å halda det slik lengst mogleg. Me vil gjera det me kan for å hindra lokal spreiing, og samstundes bidra til å minska smittetoppen nasjonalt. Dette er inngripande, alvorlege tiltak, som statsministeren og helseministeren har sagt. Dette er ikkje noko verken me eller sentrale myndigheiter gjer med eit lett hjarte, men la det vere heilt klart: Desse tiltaka vil redde liv, seier kommuneoverlegane og ansvarlege for smittevern i Hjelmeland og Suldal kommunar, Bjarte Sørensen og Harald Bjarne Hellesen.

Hjelmeland og Suldal innfører krav om karantene for alle som har vore utanfor Rogaland. Det gjeld også om du har vore i følgande kommunar i Rogaland: Karmøy, Haugesund, Randaberg, Sola, Sandnes (unntatt gamle Forsand kommune), Stavanger (unntatt gamle Rennesøy og Finnøy Kommune), Hå, Time, Gjesdal og Klepp.

– Folk som bur i Hjelmeland og pendlar til jobb i desse kommunane får framleis pendla til jobb om dei ikkje kan jobba frå heimekontor, men dei må halda seg innandørs heime når dei kjem heim frå jobb og til dei reiser på jobb att neste dag. Dei som er i karantene skal heller ikkje bruka offentlege transportmiddel, og ikkje vera ute blant folk, seier ordførar Bjørn Laugaland til Strandbuen.

Han oppfordrar folk til ikkje å reisa til dei kommunane som er nemnde ovanfor.

– Unntaket er ting som avtalte timar på sjukehus eller hjå ekspertar innanfor helsevesenet, seier Laugaland.

Du kan lesa heile vedtaket om skjerpa karantenekrav her.

Artikkeltags