Laurdag var det open dagen hos Stangeland Maskin Ryfylke på Tau. Her fekk både store og små oppleva gravemaskinar og traktorar på nært hald. Dei som ville fekk også prøva seg bak spakane i ein gravemaskin. Det var også gratis kake og brus til dei frammøtte.
– Det var heilt fantastisk å få ønska sambygdingane våre velkomen til oss. Med den responsen me fekk frå strandbuen som møtte opp denne dagen, så var det veldig kjekt, seier leiar i Ryfylke-avdelinga, Bjørn Madland Steine.
Oppmøtet var over all forventning, ifølge han.
Du har nå sett Små og store fekk testa gravemaskinar på open dag – se alle bildene