Småbruket på Haukali har fått over 20.000 klikk på Finn på ei helg

I helga har 21.500 klikka på Finn-annonsen som viser eigedommen på rundt 950 mål ved Haukalivatnet på Forsand. Eigedomsmeklaren får ei travel veke med å organisera vising for alle dei som har meldt interesse for småbruket.