Lokal epidemi med lungebetennelse. Fleire titals smitta i Hjelmeland

Hjelmeland kommune gjekk ut med informasjon om utbrot av lungebetennelse-typen Chlamydophila pneumoniae for to veker sidan. Det er framleis mange som er smitta, og Hjelmeland legekontor oppfordrar folk til å behandla sjukdomen.