Smittevernrettleiar for breiddeidrett: Opnar for normal trening for barn opp til 4. klasse og frikjenner ballen som smittekjelde

FRIKJENT BALL: Det er lov for barn opp til 4. klasse å trena fotball med kontakt og felles ball i grupper på inntil 10 personar.

FRIKJENT BALL: Det er lov for barn opp til 4. klasse å trena fotball med kontakt og felles ball i grupper på inntil 10 personar. Foto:

Regjeringa la sist veke fram ei rekke oppmjukingar av smittevernreglane. Fleire av dei gjaldt idretten – både i form av treningar og arrangement. På ein pressekonferanse måndag la dei fram ein rettleiar som spesifiserer reglane nærare.

DEL

Dette er nokre av punkta som blei lagde fram sist veke:

– Talet på personar som kan vera samla i til dømes private heimar aukar frå 5 til 20 personar. Det same gjeld for idrettsaktivitetar.

– Talet på personar som kan vera samla på offentlege arrangement blir auka til 50. Frå 15. juni blir det auka til 200 personar. Det gjeld også for idrettsarrangement.

– Toppidrett kan starta treningar med kontakt nå.

– Toppfotball startar etter 15. juni.

– Breiddeidrett kan starta trening og aktivitetar med inntil 20 personar og med ein meters avstand.

– Blir ikkje opna for kampar innan breiddeidrett. Det kjem eigne retningsliner.


Nye retningsliner

Nå er altså retningslinene klare.

Helsedirektoratet, Folkehelseinstituttet og Norges Idrettsforbund har i samarbeid lagt fram ein omfattande, 20 siders rettleiar for gjennomføring av treningar, kampar og andre arrangement.

Idrettsforbundet oppsummerer dei viktigaste punkta i rettleiaren slik i ei pressemelding måndag ettermiddag:

– Idrettslag og andre kan nå arrangera idrettsarrangement som cupar, kampar og turneringar i samsvar med anbefalingane i rettleiaren. Arrangement på inntil 50 personer er tillatt – men på visse vilkår. Arrangementa bør gjennomførast lokalt.

– Talet på personar på ordinære treningar må ikkje overstiga 20 personer. Alle må halda minst 1 meters avstand.

– Unntaket er barn opp til 4. klassetrinn. Dei kan ha fysisk kontakt så sant gruppene ikkje overstig 10 personar.

– Det er muleg for fleire grupper á 20 personar å opphalda seg på same treningsareal.

– Bruk av garderobar er ikkje tillatt, men toalett skal kunne nyttast i tilknyting til garderobeanlegg.

– Det er lov å bruka felles ball i idrettar, også når ballen blir kasta med hendene, så sant smittereglane ved denne bruken blir haldne.

– Sjuke personar må halda seg heime.

– God hand- og hostehygiene og forsterka reinhald.

– Idrettslaget er ansvarleg for at aktivitetar blir gjennomførte forsvarleg og i tråd med reglane.

– Idrettslaget bør sørga for nødvendig opplæring og informasjon før oppstart.

– Idrettslag må vurdera kor mange trenarar/instruktørar/frivillige som er nødvendig for å gjennomføra aktivitetane.

Artikkeltags