Då Hjelmeland fostra grunnleggjaren av Norges største gullsmed- og designdynasti

Dei første tiåra på 1800-talet hadde Hjelmeland eit heilt miljø med sølvsmedar som laga eigne design. Jacob Ulrich Holfeldt Tostrup (1806-1890) var ein av læregutane i dette miljøet, og lærte faget av Hjelmeland sin første ordførar.