Gå til sidens hovedinnhold

Som ei ti-årsmarkering for 22. juli kan kvar og ein av oss tenkje over korleis me bidreg til meir demokrati, ytringsfridom, openheit og humanitet

Med tida vert hendingane i hovudstaden og på Utøya for ti år sidan meir og meir fjerne. Kanskje meir for dei av oss som ikkje mista nære i familie eller venner.

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Til saman 77 menneske vart drepne under terrorhendingane denne dagen, og nær like mange overlevde alvorlege skadar.

Det er mange som framleis og ofte tenkjer på korleis det ville ha vore å ha desse menneska rundt oss i dag, og som kjenner på sorga ved at dei ikkje er her.

Det er sagt at terrorhendingane den 22. juli var eit angrep på demokratiet vårt. I tillegg til at uskuldige menneske vart tilfeldig drepne og såra, var angrepa politisk motivert – retta mot politikarar og eit politisk parti som gjerningsmannen var sterkt ueinig med.

Ein grunnstein i demokratiet vårt feirar me kvart år den 17. mai. I grunnlova vår frå 1814 er det i paragraf 100 slege fast at me som bur her skal ha rett til å ytra oss fritt.

Dette er ein fridom som strekkjer seg særs langt, og det ligg i denne at ein skal tole å høyre argument ein er ueinige i, og ein skal leve fredeleg side ved side sjølv om ein vedkjenner seg ulike politiske ideologiar, ulike religionar, har ulik hudfarge, uavhengig av kvar ein kjem frå i verda, og sist same kva legning ein måtte ha.

Så, kor gode er me til dette i dag – å leve fredeleg i lag i god demokratisk ånd kor fridom til å ytre seg rår?

Så, kor gode er me til dette i dag – å leve fredeleg i lag i god demokratisk ånd kor fridom til å ytre seg rår?

Dei lokale politiske partia i Strand

Me har hatt eit rettsoppgjer etter 22. juli-hendingane slik ein rettsstat skal, og gjerningsmannen er idømt si straff. Men har me gjort, – eller gjer me nok for å hindre nye autoritære terroråtak på demokratiet?

Tenkinga som låg bak gjerningsmannen sine handlingar har diverre framleis tilslutning hjå mange, ikkje berre i Norge men og utanom våre landegrenser.

Etter den 22. juli i 2011 vart det uttalt at svaret på terroren måtte være «meir demokrati, meir openheit og meir humanitet. Men aldri naivitet». Heldigvis vil den store majoriteten av oss som bur i landet utan problem kunne slutte oss til at dette er eit godt svar.

Men som ei ti-årsmarkering for 22. juli kan kanskje kvar og ein av oss tenkje over korleis me bidreg til meir demokrati, ytringsfridom, openheit og humanitet.

Og, er me tydelege nok på kva som er uakseptabelt i det offentlege ordskiftet, bryr me oss nok til å ta til motmæle, argumentere, kritisere tankegods og ideologiar som strir mot demokratiske verdiar – og kor det vert vist vilje til autoritære handlingar eller støtte for slike tankar, som 22. juli-hendingane var et grufullt døme på?

Er me tydelege nok på kva som er uakseptabelt i det offentlege ordskiftet?

Dei lokale politiske partia i Strand

Det er komplisert og krevjande å involvere seg i slike ordskifte og det er freistande å ville innskrenke rettar til å ytre seg – i beste meining, men det vil samtidig bryte med ytringsfridomen vår.

Kvar og ein av oss har eit ansvar for kva veg samfunnet me er ein del av tek vegen, og alle har høve for å engasjere seg ut frå sine synspunkt. Ord skal møtast med ord, og me må huske at orda me vel å uttrykkje oss med, er utgangspunktet for korleis ein vert forstått og oppfatta hjå dei som les eller høyrer på.

I minne etter ofra frå den 22. juli i 2011 må me oppfordra kvarandre om å bruke ytringsfridomen vår med det ansvaret som følgjer med, slik at me saman held ei retning mot eit sunt, levande og fredeleg demokrati.

Les også

Mathias (30) svømte for livet på Utøya: Knappe måneder etter terroren, meldte han seg inn i Røde Kors for å hjelpe andre

Les også

Han mista både søstera og bestevennen sin då Rafal blei drepen på Utøya. «Sjå dei unge!» er Jamil sin bodskap ti år etter

Kommentarer til denne saken