– Som forventa at det dukkar opp smittetilfelle der me ikkje kjenner smittekjelda

Smittevernlege Anja de Jong fortel at personen ikkje har vore på reise i utlandet eller er i nokre av dei tre husstandane der det frå før av er 10 smittetilfelle.

DEL

– Det var som forventa at det nå dukkar opp smittetilfelle der me ikkje kjenner til kor personen har blitt smitta, seier smittevernlegen.

Ho ønskjer ikkje å seia noko om kva aldersgruppe personen er i.

– Frå nå av vil me gå vekk frå å seia noko om talet på husstandar dei smitta er i, seier Anja de Jong.

Ho fortel at nå er rundt 150 strandbuar testa for koronasmitte. Fleire testar ventar framleis på svar.

– Det blei tatt 10 testar i går og det blir sikkert tatt nokre i dag også. Svara kjem fortløpande, forklarer smittevernlegen.

Artikkeltags