Tecsidel sin advokat, Ole Tokvam frå advokatfirmaet Bing Hodneland, seier til NRK Rogaland at selskapet meiner Statens vegvesen ikkje har rett til å heva kontrakten.

– Tecsidel SA er positive til ein dialog med Statens vegvesen for å finne ei snarleg løysing slik at systemet blir tatt i bruk og innkrevjing kan starte, seier Tokvam.

Fredag sendte dei eit brev til Statens vegvesen der dei ber om ein slik dialog.

Statens vegvesen meiner derimot at systemet mellom anna har for unøyaktige kamera til å lesa bilskilt nøyaktig, og blitsar som ikkje toler vatn. Dei har heva kontrakten både på grunn av dårleg kvalitet og vesentlege forseinkingar.

Statens vegvesen seier til NRK Rogaland at dei vil bruka denne helga til å sjå nærare på brevet frå Tecsidel, og vurdera kva svar dei skal gi det spanske selskapet.