Sterk sesong for Hjelmeland J13: Har vunne sju av sju kampar

HJELMELAND J13: Bak frå venstre: Trenar Stian Hetlelid, Leni Lippek, Vakare Kraujelyte, Kristina Cassandra Lunde Lagasca, Jorunn Vårvik Sørestad og Andrea Mjølhus.
Framme frå venstre: Estefania Ravnås, Toril Espeland Halsne, Astrid Hetlesæter, Pernille Lorvik Sandanger, Kristina Munthe Gabrielsen, Karoline Kvalvåg Hetlelid, trenar Jarle Mjølhus og heilt framme keeper Rawan Albakkar.

HJELMELAND J13: Bak frå venstre: Trenar Stian Hetlelid, Leni Lippek, Vakare Kraujelyte, Kristina Cassandra Lunde Lagasca, Jorunn Vårvik Sørestad og Andrea Mjølhus. Framme frå venstre: Estefania Ravnås, Toril Espeland Halsne, Astrid Hetlesæter, Pernille Lorvik Sandanger, Kristina Munthe Gabrielsen, Karoline Kvalvåg Hetlelid, trenar Jarle Mjølhus og heilt framme keeper Rawan Albakkar. Foto:

Jenter 13-laget er berre eitt av fleire lag frå Hjelmeland IL som har gjort det bra så langt i vårsesongen, men det er berre dei som har full pott etter sju kampar.

DEL

FOTBALL: Måndag denne veka spelte Jenter 13 sin sjuande kamp for sesongen, og slo Stavanger IF 3-1. Då var sju strake sigrar i boks.

– Det er kjekt når det går så bra, seier Jarle Mjølhus, ein av trenarane for laget og også leiar av fotballgruppa i Hjelmeland IL.

Det er ikkje berre Jenter 13 som har vore sterke i vår. Jenter 14-laget leiar til dømes også si pulje.

– Det går litt opp og ned for laga i aldersbestemte klassar, slik det skal gjera. Det viktigaste er å ha med flest muleg i fotballen lengst muleg. I år har me stort sett lag for både jenter og gutar i alle aldersklassane frå ni år og oppover. Det er veldig bra i ein liten kommune som Hjelmeland, meiner Mjølhus.

Han trur det er fleire grunnar til at fotballinteressa er stor, men trekkjer særleg fram to årsaker.

– Me har veldig gode fasilitetar, med kunstgrasbane, nytt klubbhus og to gode grasbanar i Fister og Årdal. Det betyr mykje, og behovet for bane er så stort at det stort sett blir trena eller spelt fotball dagleg både på Hjelmeland og i Årdal når me er i sesongen, seier han.

– Dei siste åra har me også satsa meir på opplæring og oppfølging av trenarane, og Marcin Wodka har framleis ei lita stilling for å ta seg av dette i Hjelmeland IL, sjølv om han er med i trenarteamet til Staal, seier Mjølhus.

Om sommaren er det pause i seriefotballen. Då er det i staden tid for å reisa på sommarturneringar.

– I tillegg til dei lokale turneringane me arrangerer saman med Staal Jørpeland og MIL, reiser laga frå Hjelmeland til Etne-cup og til Kattegat-cup i Danmark i sommar, fortel Jarle Mjølhus.

Artikkeltags