Sindre (15) skal på regional landslagssamling

TRENINGSVILLEG: Sindre Livastøl trenar handball fem til seks gonger i veka, og nå har han blitt plukka ut til å vera med på regional landslagssamling.

TRENINGSVILLEG: Sindre Livastøl trenar handball fem til seks gonger i veka, og nå har han blitt plukka ut til å vera med på regional landslagssamling. Foto:

Sindre Livastøl (15) frå Jørpeland har travle dagar både i skuletida og i fritida. Nå går mykje av dagane med til musikaløving, men på fritida er det handball som står i høgsetet.

DEL

HANDBALL: 15-åringen har blitt tatt ut til regional landslagssamling for gutar fødde i 2004 og 2005. Samlinga skal vera i Kristiansand i slutten av januar.

– Eg fekk e-post om at eg var plukka ut i går, og tenkte «yes - endeleg», fortel Sindre Livastøl, som stadfestar at han har jobba mot å bli plukka ut til den regionale landslagssamlinga.

Jodå, han innrømmer at han kunne tenka seg å nå endå høgare enn til regionssamlingar som handballspelar.

– Eg drøymer om å bli best muleg og sjølvsagt om eliteseriespel, og det å få vera med på denne samlinga i Kristiansand er eit stykke på vegen, slår han fast.

HANDBALL-TALENT: Rett etter at musikaløvinga er slutt for dagen, reiser Sindre Livastøl til Sola for å trena saman med sonelaget.

HANDBALL-TALENT: Rett etter at musikaløvinga er slutt for dagen, reiser Sindre Livastøl til Sola for å trena saman med sonelaget. Foto:

Trenar med herrelaget

Sindre Livastøl fortel at 32 av dei beste handballspelarane som er fødde i 2004 og 2005 i Rogaland og Agder skal vera med på regionssamlinga.

Han speler alle dei tre backposisjonane på handballbanen. I tillegg til å trena med samarbeidslaget på Sola, trenar han også med Staal sitt herrelag.

Livastøl har spelt både fotball og handball, men fann etter kvart ut at han trivdest best med handball.

– Eg passar nok også best til handball med høgda og storleiken min, peikar han på.

– Treningsvillig gut

Kristine Haukelid har vore oppmann for handballaga Livastøl har spelt på sidan han var 10 år.

– Han er ein treningsvillig gut som saman med to andre Staal-spelarar trenar og speler kampar med samarbeidslag på Sola fire til fem gonger i veka, skriv ho om han på Facebook-sida til Staal Jørpeland.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken