Staal-tap på Nærbø: Emma blei igjen toppskårar

DRIVANDE: Emma Norland skårer mange mål i kvar kamp ho speler. Mot Nærbø blei ho toppskårar.

DRIVANDE: Emma Norland skårer mange mål i kvar kamp ho speler. Mot Nærbø blei ho toppskårar. Foto:

Kampen mellom Nærbø og Staal i Nye Loen på Nærbø onsdag kveld svinga mykje, men Staal klarte aldri å truga heimelaget som leia frå start til slutt.

DEL

HANDBALL: Nærbø - Staal Jørpeland 29-21 (15-17).

Staal hadde bare åtte spelarar med seg til Nærbø, medan heimelaget kunne skilta med 14 spelarar og dermed sju innbyttarar.

Emma Norland var som vanleg drivande for Staal og blei toppskårar i kampen med heile 12 mål. Toppskåraren til Nærbø hadde til samanlikning seks mål.

Alle spelarane på tabelltrear Nærbø sitt lag signerte med skåringar utanom målvakta, så for vertane var sigeren heilt klart ein lagsiger.

Emma Norland fekk tre poeng for innsatsen mot Nærbø, målvakt Serine Oftedal fekk to og Vilde Ottesen Sørheim fekk eitt poeng.

Oftedal heva seg betrakteleg frå første til andre omgang og hadde også ei strafferedning, fortel Staal-oppmann Steinar Haaland.

Staal Jørpeland ligg framleis på tiandeplass på tabellen i tredje divisjon i region SørVest. Onsdag i neste veke tar Staal imot tabelljumbo Sandnes i Strandahallen.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken