Dobrolinski blir i Staal-målet

BLIR MED VIDARE: Rafal Dobrolinski gjorde ein uvurdeleg innsats mellom Staal-stengene i fjor og fortset på laget.

BLIR MED VIDARE: Rafal Dobrolinski gjorde ein uvurdeleg innsats mellom Staal-stengene i fjor og fortset på laget. Foto:

Rafal Dobrolinski gjorde ein solid innsats som målvakt for Staal Jørpeland i 2019. Nå har han sagt ja til å fortsetja på laget.

DEL

– Bare to lag slapp inn færre baklengsmål enn Staal i 2019-sesongen, og det skal Rafal Dobrolinski ha mykje av æra for. Eit strålande forbilde og fullt fokusert i både trening og kamp, skriv Stig Marthinussen i Staal sitt sportslege utval på Facebook-sida til klubben.

– Me er derfor veldig glade for at Rafal også i 2020-sesongen vil spela i Staal og danna eit sterkt keeperteam. Me har stor tru på at også klubben sine yngre keepertalent på gutte- og jentesida vil nytta godt av dette i året som kjem, held han fram.

Staal Jørpeland enda på åttandeplass av totalt 14 lag i Norsk Tipping-ligaen avdeling tre i fjor.


Artikkeltags