Hjelmeland kommune fyller sandsekkane før Didrik kjem for fullt i løpet av natta

GJER SEG KLARE: Eirin Eidem Meihack og Oskar Ommundsen fyller sandsekkane før springfloa kjem.

GJER SEG KLARE: Eirin Eidem Meihack og Oskar Ommundsen fyller sandsekkane før springfloa kjem.

Beredskapsleiinga i Hjelmeland har gått ut med springflovarsel til innbyggarane. Dei ber folk ta forholdsreglar og førebur seg på ei natt med vakthald.

DEL

Om springfloa Didrik blir så dramatisk som varsla, bør alle som har naust, hus eller hytter i sjøkanten ta sine forholdsreglar, meiner Hjelmeland kommune sin leiar for bygg og anlegg, Oskar Ommundsen.

– Springfloa kjem til dømes til å gå over kaikanten i Hjelmelandsvågen, og me har gjort klar sandsekkar for å unngå at vatnet kjem inn i kjellaren på Vågahuset – der kommunen mellom anna har serverrommet sitt – om det viser seg at det stig så mykje, seier Ommundsen.

Han trur vatnet vil stiga over kaikanten også i andre område der det er bygg heilt ned til sjøen, mellom anna i Årdal, Fister og Vadla.

– Alle bør rydda nausta sine for ting av verdi, og folk som har båtar som er fortøydde til land bør slakka på fortøyingane. Me ber alle båtforeiningar om å ha eit vakthald utover kvelden og natta, oppfordrar Ommundsen.

Sjølv kjem han til å ha beredskapsvakt i Hjelmelandsvågen i natt. Det er fleire som skal ha nattevakt.

– Hjelmeland Røde Kors skal også ha folk på vakt i natt, og Hjelmeland brannvesen har gjort klart alt utstyr og førebudd seg på å rykka ut for å tømma vatn om det renn inn nokon plass. Slik det ser ut nå i ettermiddag er vindretninga gunstig, men det er meldt at vinden skal snu meir frå sørvest i kveld. Det vil forsterka springfloa, fryktar han.

Artikkeltags