Etter eit koronaår utan cup i fotball-Noreg har Noregs Fotballforbund i dag annonsert korleis oppsettet for første runde blir. Det blir potensiell folkefest på Jørpeland når Staal-herrane tar imot regjerande meister Viking i sommar.

– Alle vil jo ha Viking på heimebane. I år kunne me jo òg fått eit anna tredjedivisjonslag i første runde. Det kunne ha vore like greitt, og så eventuelt fått Viking i andre runde og dermed få to cuprundar. Men me er einige om at det er heilt topp å møte Viking, seier dagleg leiar i Staal, Rune Harestad til Stavanger Aftenblad.

Kampen blir spelt 24. juni, og Harestad håpar at det blir tilskodarar på kamp når dei tar imot Eliteserielaget.

– Det må jo vere minst 1000 stykk som vil gå på denne kampen. Folk er sultefôra. Dette blir jo òg den første teljande kampen for A-laget.

Staal-damene på si side må reise eit lite stykke for sin cupkamp. Dei skal ned til Jæren og spele mot divisjonskollega Bryne. Dei må vente litt lengre for sin cupkamp; den blir spilt 4. august.