Kultursjefen og arealplanleggjaren skal jobba med Forsand-stadnamn

Eva Landre Meling og Steinar Haaland går begge av med pensjon når Forsand kommune blir ein del av Sandnes ved årsskiftet. Dei får 650.000 kroner frå kraftfondet til å ferdigstilla stadnamnprosjektet til Forsand over dei kommande to åra.