Det var Norsk Hydro-selskapet Røldal Suldal Kraft som regulerte Valdalsvatnet og fleire andre vatn og vassdrag i Røldal i 1962. Naturinngrepa var store.

– Dei hadde neppe fått konsesjonen i dag, meiner Ståle Halsne, kommunepolitikar i Hjelmeland som har reist ein interpellasjon om saka til kommunestyremøtet denne veka.

Der skriv Halsne at grunneigarane i Valdalen måtte sjå at eit unikt kulturlandskap med beiteområde og 18 stølar i drift blei liggande under ein ei mil lang, kunstig fjord. Dåverande Røldal kommune slo fast at Røldal ville mista «fundamentale delar av sitt næringsgrunnlag», men gjekk likevel inn for utbygginga sidan ho var av «stor nasjonaløkonomisk vekt».

Dei meinte at konsesjonssøkaren til gjengjeld måtte yta og ofra noko for å «avbøta skadeverknadane og den alvorlege forringinga av levevilkåra» som Røldal blei offer for.

Ståle Halsne meiner det ikkje skjedde. Erstatninga til grunneigarane stod ikkje i stil til kva dei mista, meiner Halsne.

Fryktar småtteri

I åra som har gått etter utbygginga, har grunneigarane venta på året 2022. Ifølgje heimfallsretten for kraftutbyggingar, skal vertskommunar etter 60 år ha rett på ein tredel av verdien av kraftanlegg. Men i 2008 tapte Norge ei rettssak i EFTA-domstolen, og heimfallsretten blei fjerna.

Grunneigarane har likevel håpa på revisjon av konsesjonen for Røldal Suldal Kraft, og ei erstatning i 2022. I sommar blei kraftverka overførte til Lyse Kraft DA. Hydro eig 25,6 prosent av selskapet, Lyse eig resten.

– Hydro unngår heimfall, og konsesjonen som skulle vara i 60 år har blitt evigvarande, oppsummerer Halsne i interpellasjonen, og fryktar at grunneigarane og vertskommunen for all framtid blir ståande utan skikkeleg oppgjer.

– Det skal rett nok vera ein revisjon av konsesjonsvilkåra, men den blir truleg heilt utan krav som minnar om dei i heimfallsordninga. Eg fryktar det berre blir småtteri på grunneigarane og vertskommunen, seier Ståle Halsne.

Andre sida av bordet neste gong

Nå tek han initiativ til at Hjelmeland kommune, som aksjonær og eigar i Lyse – selskapet som i dag eig tre firedelar av Røldal Suldal Kraft – skal stilla krav til revisjonen.

– Me må byrja ein plass, og så håpar eg andre eigarkommunar og øvrige eigarar i Lyse vil henga seg på. Grunneigarane i Røldal fortener eit skikkeleg oppgjer, og det same gjer vertskommunen. Fleire av kommunane som er medeigarar i Lyse, er sjølv vertskommunar for andre kraftanlegg. Denne gongen er me aksjonærar i selskapet som tener på kraftanlegget, men neste gong er det me som sit på andre sida av bordet og vil ha rettferd, peikar Halsne på.

– Det er ikkje Lyse eller eigarane som skal avgjera nye konsesjonsvilkår, men om fleire av eigarkommunane står saman om å krevja at kraftselskapet som har henta ut enorme verdiar gjennom 60 år skal gjera opp for seg, så blir det kanskje lytta til, meiner han.

Han peikar mellom anna på at det er råd å betala skikkelege erstatningar til grunneigarane, og også sikra dei ein del av framtidige inntekter. Halsne meiner det også kan vera aktuelt å oppretta næringsfond eller kulturfond.

Krev oppfylling av gamle krav

Halsne meiner også at fleire av konsesjonsvilkåra frå 1962 ikkje har blitt oppfylte. Det bør også rettast opp nå, synest han.

– Grunneigarane blei mellom anna lova ein skikkeleg heilårsveg inn til Valdalen, men vegen dei har fått er rasutsett og rasfaren blir berre verre etter som åra med skiftande vasstand held fram. I dag er vegen dårleg og rasfarleg om sommaren, og stengd på grunn av rasfare om vinteren, seier Halsne.

Han meiner det også vil vera naturleg å setja strengare krav til vasstanden i Valdalsvatnet og vassføringa i elvane rundt.

– Så langt har Røldal Suldal Kraft hatt svært romslege vilkår i Valdalen. Dei kan tappa vatnet som dei vil, og det er ingen krav til vassføring i elvane rundt. Ein revisjon bør setja krav til begge delar, meiner Halsne.

– Det vil koma saker som dette fleire stader framover. Det er i alle grunneigarar og vertskommunar si interesse at det blir teke omsyn i slike revisjonar, seier han.