– Dette er veldig alvorleg for oss, og me gjer det me kan for å unngå at sånn skal skje igjen. Heldigvis er det berre sand og støv som har kome med vatnet, og ikkje forureinande kjemikaliar. Men me skal ikkje ha misfarga vatn; vanlegvis er det me slepp ut heilt blankt.

Tommy Stangeland, dagleg leiar for TS Stangeland, seier det er viktig for dei at deira drift ikkje skal gå utover naturen i nærområdet.

– Me har stoppa vaskeanlegget til me har fått utbetra problemet. No sett me i gong å laga eit større og betre sedimenteringsanlegg som skal hindre dette frå å skje igjen.

Det var ein nabo like ved steinbrotet som reagerte på at vatnet var blitt grumsete og misfarga der Stangeland Maskin slapp ut vaskevatnet sitt. Tommy Stangeland er positiv til at folk gir beskjed når drifta deira er sjenerande for omgivnadane.

– Me er takknemlege for at folk ser etter og gir beskjed, for dette er ein svært uønskte hending for oss. Vatnet har blitt misfarga ved eit uhell, og om folk ikkje gir beskjed så kan me ikkje fikse det.