I avslaget viser Statens vegvesen til at bebuaren har peika på avkøyrsler med dårleg sikt, køyring og kryssing av vegen med landbruksmaskinar og barn og unge som må gå langs vegen for å koma til næraste busstopp.

Mjølhus og Hauske ligg i botnen av ein lang bakke ned frå Ingvaldstad som er toppunktet på Riksveg 13 mellom Årdal og Hjelmeland, og før bilistane kjem til Hjelmeland samfunnshus.

Statens vegvesen bøyer seg ikkje for argumenta for nedsett fart.

Dei skriv at 60-sone rett nok blir brukt langs veg med mange avkøyrsler, kryss og bustadar, men vegen bør i tillegg ha ein blanda funksjon med lokaltrafikk til bustadar, verksemder, skular, butikkar, busshaldeplassar, bensinstasjonar eller liknande for å forsvara lågare fartsgrense.

– Dette finst til dømes i utkanten av by eller tettstad, skriv vegvesenet.

Dei legg også vekt på at bilistar intuitivt må forstå kvifor det er lågare fartsgrense på ein strekning.

– Over ein strekning på rundt 1.200 meter finst det ein god del avkøyrsler til bustadar og landbruksområde som er i aktiv bruk. Men bustadane er plasserte langt frå vegen, og strekningen er ikkje i utkanten av by eller tettstad, skriv dei og konkluderer med at det ikkje er grunnlag for å setja opp 60-skilt.

Dei oppfordrar i staden bebuaren om å søka om busstopp nærmare si eiga avkøyrsel, og legg til at dei noterer seg at avkøyrsla hans er uoversiktleg.

– Eigar av avkøyrsel er sjølv ansvarleg for frisiktlinjer, men me ser at vegens forløp er ein del av problemet. Men dessverre har me mange slike kurver langs vegnettet her på vestlandet, og kan ikkje lova kva tid me eventuelt kjem og gjer kurveutbedring, skriv Statens vegvesen.