Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.
«Vi er også en Ryfylkekommune», seier gruppeleiar Sissel Knutsen Hegdal i Stavanger Høyre til Strandbuen 2 oktober.
Det er jo like rett som å sei at Jørpeland er ein by! Men sitat: «Ho foreslår at Stavanger kommune skal bli deltaker i Ryfylke IKS. Initiativet støttes blant andre av ordføreren i Strand». Det som forundrar er at ikkje ordføraren i Strand finn det litt respektlaust når ein politikar på vegne av byen nyttar Strandbuen til å «be seg sjøl» med på den måten. Sandnes er med pga Forsand, men det betyr ikkje at Stavanger automatisk vil vera ein «berikelse».

Stavanger kan bli medlem av Ryfylke IKS: – Vi er også en ryfylkekommune
Knutsen Hegdal har rett i at samarbeid er viktig, men kva er samarbeid? Det må jo vera ein dårleg spøk når ho peikar på «reiseliv som eit aktuelt samarbeidsområde, der Stavanger og Ryfylkekommunane har felles interesser». Hvis årets korona blir eit unntak, er reiseliv etter mi meining eit skuleeksempel på at samarbeid i praksis betyr at det er Stavanger sine interesser som gjeld.

Varaordførar Borgli seier ja til Ryfylke-samarbeid. Fylkespolitikar Borgli seier nei til Ryfylkefondet
Takka vera Ryfast utan Esp/Frafjordtunnelen, er nå Stavanger innfallsporten til Preikestolen og spesielt Strand kan bli den store taparen litt fram i tid. Dette må jo Irene ordførar også ha fått med seg! Det seier jo litt når Knutsen Hegdal føler behov for å presisera «at Stavanger bør innta en ydmyk holdning» hvis dei får bli med i Ryfylke IKS. Det er med andre ord ikkje sjølvsagt! Det var i alle fall lite «ydmyk holdning» då Stavanger i si tid var ein aktiv pådrivar for å stoppa fastlandsforbindelse i Høgsfjorden.
Tunnelen Esp/Frajord er ein del av Ryfast, men blei sett på «vent» for å spara pengar. Hvis Stavanger vil vera med å få den på «sporet» igjen så kan det vera ein god start på samarbeid.