Sidan koronareglane gjer det vanskeleg å reisa rundt og konkurrera, har RC-klubbane i Rogaland laga ein eigen, uoffisiell racingcup for utøvarar av sporten her i fylket. 12 år gamle Storm Sørensen frå Hjelmeland er yngst av dei, og neste helg er Ryfylke Modellflyklubb arrangør av andre runde av Rogaland FPV Racing Cup på Fister stadion.

Det betyr heimebane for Storm Sørensen, som gjorde det bra i debuten på Bore for eit par veker sidan.

– Eg vann klassen for nybyrjarar. Det blir spennande neste helg. Då er fleire av pilotane frå Jørpeland med, og dei beste blant deltakarane er folk som er med og konkurrerer internasjonalt til vanleg, fortel Sørensen.

Slik ser det ut i VR-brillene til pilotane når dronane akselererer frå null til hundre på to sekund og susar gjennom hinder i over hundre kilometer i timen. Storm Sørensen sin drone er i filmen til høgre.

Bygde sin eigen drone

Han blei interessert i racingdronar i fjor haust, fortel han. I starten trena han mest med simulator på pc-en, men i vinter bygde han sin eigen drone.

– Så eg har halde på eit halvt år, kan du vel seia. Eg fekk hjelp av faren min, men gjorde mykje av arbeidet med skruing, lodding og programmering av dronen sjølv, seier Storm Sørensen.

Dronane som blir brukte i konkurransar er noko heilt anna enn dei folk bruker til fotografering. Fotodronane svevar roleg over deg. Dei er programmerte til å finna vegen heim på eiga hand om du gjer noko gale, og dei er konstruerte slik at det knapt er muleg å krasja med dei.

Slik er det ikkje med dei hissige vepsane i racing, som går frå null til hundre på to sekund.

– Gjer du ein liten feil på kontrollen, så går dei rett i bakken, konstaterer Storm Sørensen.

Storm Sørensen har laga denne filmen frå ein treningstur med dronen sin. Du kan sjå piloten med VR-brillene på på den store steinen i filmen.

Publikumsvenleg sport

Far, Bjarte Sørensen, meiner konkurransane er spennande å følgja som tilskodar, og håper det blir litt publikum på Fister.

– Heile fotballbanen blir brukt som bane, med fleire hinder dronane må passera. Det set krav til både presisjon og fart. Det kan også vera muleg for publikum å låna VR-briller og sjå det same som pilotane ser, og kanskje får me også rigga opp skjermar som sender bilde frå pilotane sine briller, seier han.

– Og så er jo lyden og farten underhaldning i seg sjølv, meiner han.

Pilotane samlast på Hjelmeland allereie laurdag, og dei som vil kan vera med på ein fellestur til Skomakarnibbå laurdag ettermiddag.

– Der blir det friflyging med loopar og triks og filming av spektakulære videoar, seier Bjarte Sørensen.

Flyging med racingdronar har blitt ein stor sport internasjonalt. Dei profesjonelle pilotane konkurrerer i fleire ligaer, og konkurransane blir overførte på mange av dei største TV-kanalane, som Netflix, ESPN, NBC og Sky Sports.

Bildeserie

Bilder fra helg på islagte vann