Strand kommune byggjer, men når vert det oss gamle sin tur?

Av
DEL

LeserbrevDette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.Strand kommune byggjer. Vi har fått ny skule på Tau og på Jørpeland er planane klare. Så skal Tau få ny kyrkje, og på Jørpeland har dei opna noko som heiter skatepark. Dessutan kjem det ein fleirbrukshall. Eg veit ikkje nett kva han skal brukast til. Ein symjehall er også nemnd.

Alt dette og meir til skal brukast, haldast reint og varmt og haldast ved like, saman med alle dei andre kommunale bygga. No er det framlegg om eit hus på Jørpeland som skal nyttast til mange gode formål. Kostnadsramma er 128–154 millionar kroner, står det. Rett nok nemner dei finansiering, men det kjem nok!

Så spør eg: Når er det oss gamle sin tur? Eg brukar med vilje gammal. Vi er mange, og vi vert fleire med åra.

Tautunet og Jonsokberget er gode for dei som bur der, men korleis er det med plassar? Eg les Strandbuen, men eg har ikkje lese om konkrete planar om utbygging på Tautunet og Jonsokberget eller om nybygg.

Det er eit uttrykk som eg likar litt, men eg tek det med: «Dei som har bygd opp landet vårt» og eit anna «Stå med hatten i handa».

Gode politikarar, kva tid skal de byggja ut Tautunet og Jonsokberget slik at vi gamle kan kjenna oss trygge på at det er plass til oss den dagen vi treng det?

Artikkeltags