Strand kommune endrar gebyrpraksis etter regjeringsvedtak

Strand kommune fakturerer barnehage og SFO som normalt for mars månad. Foreldra får tilbakebetalt for dagane då tilboda har vore stengde. Frå april og utover blir det ikkje sendt faktura før tilboda er opna att.