Strand kommune inviterer gatekunstnarar til å smykka ut fleirbrukshallen på Jørpeland

Kommunen lyser dermed ut ein open konkurranse for utsmykkinga med eit vinnarhonorar på 330.000 kroner. Kunstutvalet i Strand skal vera jury for konkurransen, og hintar om at dei kanskje kjem til å be publikum om råd.