– Rådmannen sitt forslag raserer kulturskulen

Rådmannen i Strand har føreslått å kutta ein million kroner i Strand kulturskole sitt budsjett. Det betyr at 70 av dei 535 elevane mistar plassane sine, at lærarar mistar jobben og at dei som blir igjen må betala meir.