Strand vgs-elev frå Hjelmeland testa positivt på Covid-19, og smittekjelda er ukjent: – Kan vera pågåande smitte i kommunen

I KARANTENE: 14 elevar og tre lærarar ved Strand vidergående skole er sette i karantene etter at ein elev frå Hjelmeland testa positivt på Covid-19. Smittekjelda er ukjent.

I KARANTENE: 14 elevar og tre lærarar ved Strand vidergående skole er sette i karantene etter at ein elev frå Hjelmeland testa positivt på Covid-19. Smittekjelda er ukjent. Foto:

Hjelmeland kommune melder at ein ungdom i Hjelmeland testa positivt for koronavirus 30. desember. Den positive testen medfører også at elevar og lærarar ved Strand videregående skole er sette i karantene.

DEL

Onsdag informerte Hjelmeland kommune om ein positiv koronatest. Denne testen gjaldt ein person som hadde blitt smitta i eit anna land tidlegare i haust og som nå har restar av smitte i kroppen, men er elles symptomfri.

Torsdag føremiddag opplyser kommunen at det er avlagt endå ein positiv test. Denne gongen gjeld det ein ungdom i Hjelmeland, og smittekjelda er ukjent.

– Ungdommen som testa positivt er elev ved Strand videregåande skole. Smittesporingsteama i Hjelmeland og Strand og skulen har eit godt samarbeid. Så langt er 14 elevar og tre lærarar i karantene til og med 1. januar, og dei blir i tillegg testa for viruset nyttårsaftan. Utanom skulen er 12 personar definerte som nærkontaktar i Hjelmeland kommune. Desse er også sette i karantene, opplyser Hjelmeland kommune i ei pressemelding.

Smittesporingsteama vil også gjera eit arbeid for å kartlegga andre som kan ha blitt smitta, og som kan ha vore kjelda til smitten.

– Kommunen samarbeider med Folkehelseinstituttet og skulen om smittesporing på bussreiser, og dei aktuelle passasjerane vil bli kontakta. Me har ikkje funne ei sikker smittekjelde ennå, men me har ein leietråd som vil bli følgt opp vidare i samarbeid med nabokommunane, skriv kommunen i pressemeldinga.

Her blir det også understreka at situasjonen ennå er uavklart og at det kan vera pågåande smitte i kommunen.

– Me vil få meir informasjon i løpet av dei neste dagane, men inntil vidare vil me innstendig oppfordra til å redusere talet på sosiale kontaktar – også i kveld på nyttårsaftan. Kommunane på Nord-Jæren har frå og med i dag innført strengare krav i form av ei forskrift, og inntil vidare tilrår me at innbyggarane i Hjelmeland også følger det som står i den, heiter det i pressemeldinga.

Legekontoret på Hjelmeland er ikkje ope for testing i nyttårshelga, utover testar som er avtalte i samband med smittesporing. Kommunen oppfordrar i staden folk om å ta kontakt med Stavanger kommune sin koronatelefon om dei treng testing utanom vanlege arbeidsdagar.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken