Gå til sidens hovedinnhold

Strandbuen dekkjer framleis Forsand etter kommunesamanslåinga: – Strand og Forsand er tett vevde saman

Artikkelen er over 1 år gammel

1. januar 2020 forsvinn Forsand kommune og blir ein del av storkommunen Sandnes. – Lokalavisa Strandbuen skal dekka smått og stort i Forsand som før, seier redaktør Jens Bjørheim.

– Håpet er at folk ikkje skal merka noko endring. Forsand ligg jo geografisk på same plass som før. Strand og Forsand er tett vevd saman både når det gjeld arbeidsmarknad, handel og som sosial arena, peikar Bjørheim på.

– Derfor er det naturleg å fortsetja å dekka Forsand, held han fram.

Han viser til at Strandbuen har eit godt forhold til Forsand og også god dekning med abonnentar.

– Me vil halda fram med å gjera lesarane våre i Forsand fornøgde, sjølv om kommunegrensene blir endra. Me trur at forsandbuane framleis vil ha oss, seier Strandbuen-redaktøren.

Han opplyser vidare at Strandbuen ikkje kjem til å vera like mykje til stades på dei politiske møta, som dei var då Forsand var eigen kommune.

– I staden for å reisa til Sandnes for å dekka dei politiske møta, kan me nytta stoff frå andre aviser i Amedia-konsernet, som me nyleg blei ein del av. Men like viktig er det at me heller vil intervjua dei som dei politiske vedtaka gjeld og råkar i lokalsamfunnet innanfor vårt dekningsområde, slår Jens Bjørheim fast.

I Nye Sandnes blir også dei politiske møta direktesendt på kommunen si nettside.

– Me vil svært gjerne at forsandbuane framleis tipsar oss om smått og stort som skjer i gamle Forsand, seier Strandbuen-redaktøren.

Tidlegare i år blei Strandbuen ein del av Amedia-konsernet med totalt 74 aviser over heile landet.

– Nå satsar me digitalt, og det vil gje lesarane våre i heile dekningsområdet eit betre og endå meir oppdatert produkt, sluttar Bjørheim.

Kommentarer til denne saken