– Me ønskjer å dra fram desse kvardagsheltane, som gjer ein ypparleg jobb for andre på kvar sin måte. Spesielt i ei tid som nå, med pandemi, er slike menneske verdt si vekt i gull meir enn nokon gong, seier Strandbuen-redaktør Jens Bjørheim.
– Det er mange menneske som gjer ein god innsats for andre. Mange av dei stikk seg ikkje så mykje fram, og det er viktig at me viser at me verdset dei, held han fram.
Kjenner du ein slik kvardagshelt? Då vil me svært gjerne ha eit tips frå deg! Send namn på helten og ei lita forklaring til elin@strandbuen.no eller på sms på 40008752, eller du kan senda meldingsførespurnad via Messenger til Elin Moen Karlsen.

Marius (32) gir kundane sine sjansen til å hjelpa sambygdingar som ikkje har det så lett: – Eg vil vera med og skapa eit fellesskap

Kommentarer til denne saken