Dette hugsar Elin best frå 2019: Millionane har runne ut i Forsand det siste året

«BANKEN»: Guro Heggemsnes Fløysvik under ei avstemming i det aller siste kommunestyremøtet i Forsand nokosinne.

«BANKEN»: Guro Heggemsnes Fløysvik under ei avstemming i det aller siste kommunestyremøtet i Forsand nokosinne. Foto:

Det siste året som eigen kommune har gjort at kraftfondmillionane har fått føter å gå på i Forsand, og det har gjort at Strandbuen har hatt meir enn nok å skriva om. Elles har eg dette året også fått møtt mange modige kvinner.

DEL

På tampen av kvart år ber redaktøren Strandbuen sine journalistar om å laga ei sak om kva me hugsar best frå året som gjekk.

Kvart år blir eg like fortvila. Eg hugsar jo så vidt kva eg skreiv om i førre veke! Som lokalavisjournalist får du treffa så utruleg mange forskjellige menneske og fortelja så mange spennande forteljingar frå deira liv.

Eg dekkjer Forsand for lokalavisa og kommunesamanslåing har vore eit heitt tema i mange år, men nå er den vesle fjordkommunen med rundt 1200 innbyggjarar inne i sine siste dagar som eigen kommune.

Forsand kommune har i mange år kunna bruka mange pengar på sine eigne tenester og på lokalt næringsliv. Det er takka vera eit kraftfond på fleire millionar kroner.

Kommunestyret som bank

Det siste året som eigen kommune har politikarane fått det travelt med å bruka opp desse millionane til fordel for sine eigne innbyggjarar. På investeringsbudsjettet har det også blitt hive ut mange millionar i investeringar i såkalla infrastruktur.

Forsand-politikar Guro Heggemsnes Fløysvik (KrF) sa det så treffande i det siste kommunestyremøtet: – Eg føler kommunestyret har fungert meir som ein bank enn eit kommunestyre det siste halvåret.

Som kvinneleg journalist er eg opptatt av å fortelja andre kvinner sine historier i Strandbuen. Lokalavisa er ikkje noko unnatak når det gjeld overrepresentasjon av menn i spaltene.

I år har eg fått fortelja litt om Helena Berglund og Mathilde Helene Nygård, som har blitt ein del av dei dansande og syngjande Seven-jentene.

Vil fortelja kvinner sine historier

BRONSE: To bronsemedaljar kan Signy Karoline Kolstø ta med seg heim frå VM i London.

BRONSE: To bronsemedaljar kan Signy Karoline Kolstø ta med seg heim frå VM i London. Foto:

Vidare kan eg ramsa opp råsterke Signy Karoline Kolstø, modige Mona Anita Espedal, treningsvillige Lotte Fjelde, grenselause Sonja Marie Hargaut, disiplinerte Ruth Førland Bjørkhaug, arbeidsame Udbjørg Moen, tillitvekkjande Laila Espedal og ukuelege Jeanette Schlage.

Og så har eg fått ny kvinneleg kollega i Strandbuen-redaksjonen, som har vore med og heva kvaliteten vår, spesielt digitalt, fleire hakk.

Nå ser eg fram til 2020. Til å få fortelja nye historier. Til å få vera tett på lokalsamfunnet mitt, vera lim og lupe. Skapa glede, stoltheit, kanskje også litt sinne og ei kjensle av å høyra til.

Takk for det gamle og godt nytt år!

Artikkeltags