Vegtrafikksentralen melder klokka 16.43 tysdag ettermiddag at Riksveg 13 er stengt i Svotunnelen i Tysdalsstranda mellom Tau og Årdal.

Vegen er stengt på grunn av røykutvikling frå eit teknisk rom i tunnelen, og brannvesenet er på veg for å sjekka kva som er årsaka til røykutviklinga, skriv Vegtrafikksentralen på Twitter.