Odd Åge frå Jøsenfjorden er sandfast på Gran Canaria: – Me får ingen informasjon, så eg anar ikkje kva tid me kan reisa heim

Jøsenfjordbuen Odd Åge Aas bur på Sand, og akkurat sand har han fått nok av dei siste dagane. Han har vore sandfast i Las Palmas saman med familien sidan laurdag ettermiddag. Han håpar på heimtur måndag.