Politiet melder litt etter klokka 17.00 fredag ettermiddag om ein kollisjon mellom sykkel og bil i Årdal. Skadeomfanget er ukjent, men det skal vera lege på staden. Politiet er på veg til skadestaden, skriv dei på Twitter.

Ulykka skal ha skjedd på Riksveg 13 mellom Årdalstunet og Meieribygget. Det er gang- og sykkelveg og veglys i området. Ulykka fører til utfordringar med trafikkavviklinga i Årdal.

Klokka 18.15 skriv Politiet at syklisten, ein mann i 80-åra, blei frakta til Stavanger Universitetssjukehus med luftambulanse. Han hadde smerter i ryggen, men skadeomfanget er ukjent.

Bilen må tauast frå staden då frontruta er knust. Føraren er uskadd.