Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.
Og audmjuk. For det er eit stort ansvar. Mykje kan skje i overleveringa av historia frå den som eig den til den som fortel den.
Eg har alltid vore glad i jobben min. Eg visste tidleg at det var journalist eg ville bli. Ikkje fordi eg ville redda verda; stå opp for dei undertrykte og setja maktmenneske til veggs, men fordi eg elskar å skriva.
Sidan har tankane rundt yrkesvalet blitt litt meir bevisste. Det er historieforteljinga eg elskar. Det kan vera like kjekt å fortelja historia gjennom levande bilde og lyd, men det å få lov til å vera ei slags fluge på veggen og formidla det som skjer, det diggar eg.
Og det å møta menneske som byr på seg sjølve, som med stor tillit fortel historia si til meg og til lokalavisa sine lesarar, det gjer meg audmjuk. For eit privilegium!
Dei stoler på at eg klarer å formidla historia deira vidare på ein måte der dei kan kjenna seg igjen og føla at det er deira historie eg fortel.
Vegen inn til folk og til historia
Det er ikkje alltid eg har skote blink, det kan både eg og dei eg har intervjua skriva under på, men det skjer mykje rart når forskjellige menneske møtest og kommuniserer.
I nettopp det ligg noko av fascinasjonen for yrket mitt, også. Å finna ut korleis eg kan nå inn til folk, korleis eg kan få dei til å slappa av i mitt «offisielle» selskap.
For når du kjem inn i stova til folk som lokalavisa, då kan det fort bli litt vel stivt og høgtideleg. Dei som kjenner meg, veit at høgtideleg ikkje akkurat beskriv personlegheita mi. Men der og då er eg lokalavisa.
Det dei fortel til meg skal eg seia vidare til fleire 1000 menneske. Eg forstår at folk kan bli litt avmålte og nervøse, men likevel, tillita er der i utgangspunktet.
Systrene tok grep då faren blei dødssjuk: Flytta inn med foreldra igjen
Det som fekk desse tankane i meir sving enn normalt denne gongen var møtet med Edna Røyrvik frå Bømlo, som bur på Tau. Eg har fått fortelja hennar historie tidlegare.
Ikkje alle gongene har det eigentleg vore solskinshistorier eg skulle fortelja. I alle fall ikkje viss du ser det frå utsida. Edna ville likevel så gjerne at eg skulle fortelja historiene med glede.
Takk for tilliten
Det kravde nokre dagar etter intervjua med grubling der historia fekk setja seg, slik at eg kunne finna rette vegen inn i historia. For å fortelja ei historie om død og demens som ei solskinshistorie, det gjorde seg ikkje heilt sjølv.
Med dette ville eg bare seia takk til alle de som lét lokalavisa inn, som har tillit til at me klarer å fortelja historiene dykkar på ein god måte.
Aurelia (12) fekk overrasking frå læraren i postkassa
Meir enn nokon gong er det nå rom for dei gode historiene. Historiene om menneska rundt oss. Når mange les historiene om menneska i lokalsamfunnet kjem me litt nærare kvarandre.
Og i ei tid kor me ikkje kan vera fysisk nære kvarandre, er dette endå viktigare enn elles.
I denne spesielle tida har eg også måtta overlata ein stor del av jobben min til dykk eg intervjuar. Ikkje ein gong har eg møtt nei eller skepsis. Sjølvsagt kan de ta eit bilde og to med smarttelefonen dykkar og senda meg.
Så, nok ein gong, takk! Eg vil gjerne fortsetja å fortelja historiene dykkar og håper eg er tilliten verdig.
#takkfortilliten