Kjem du med ferja inn i Tauvågen får du nå ein fargerik velkomst til Strand kommune. Lokale ungdommar saman med ein lokal og ein dansk streetart-kunstnar har sett farge på tidlegare grå mur i bakken ned mot Vågen. Både dei unge og kunstnarane er stolte av arbeidet.