– Thea Sofie har ei gudegåve

Dei er begge frå Jørpeland og har drøymd om å leva av musikk sidan dei var små. Emilie Adams (22) lever draumen, medan Thea Sofie Vervik Barka (16) jobbar mot den. Nå har Adams hjelpt sin yngre artist-sambygding eitt steg på vegen.