Gå til sidens hovedinnhold

To område i Hjelmeland fekk fiberstøtte, men berre halve summen kommunen søkte om: – Me må vurdera korleis me finansierer utbyggingane

Rogaland fylkeskommune bekreftar at utbyggingane av fiber eller andre breibandsløysingar i Hetlandsbygda og Vormedalen i Hjelmeland kan delfinansierast med Nkom-midlar.

For abonnenter

Dei to prosjekta i Hjelmeland fekk tilsagn om til saman 2,6 millionar i såkalla Nkom-støtte i fjor haust. Rogaland fylkeskommune bekreftar nå at begge prosjekta har rett til slik støtte.

Vormedalen står høgast på Hjelmeland si prioriteringsliste over utbyggingar. Den estimerte prislappen for å forsyna Vormedalen og Fundingsland med fiber eller andre breibandsløysingar med kapasitet på meir enn 30 megabits i sekundet, er på 6,250 millionar kroner.

Hjelmeland kommune søkte om å få dekka 3,7 millionar av dette ved hjelp av Nkom-midlar. Svaret frå fylkeskommunen er at dei løyver halvparten av dette – altså vel 1,8 millionar.

Hjelmeland har også søkt om 1,6 millionar kroner til utbygginga på Riskedal, Åsen, Hetlandsbygda og Geisfjell, som har ein totalkostnad på 2,950 millionar. Også her får dei halvparten av det dei søkte om, vel 800.000 kroner.

Les også

Hjelmeland fekk 2,65 millionar til breibandssatsing: – Eg vil ha svar på kvifor me ikkje fekk meir, seier rådmannen

Finansieringsplanane for utbyggingane legg opp til at kommunen og utbyggarselskapa som blir valde dekkar resten av utbyggingskostnaden. Ved tidlegare tildelingar har Nkom-midlane dekka ein større del enn tilfellet er ved desse to høva, der den tildelte summen berre er halvparten av det som er omsøkt.

Les også

Hilde og Kenneth ser Telenor-sentralen 300 meter frå stoveglaset: – Me stiller gjerne til dugnad for å sleppa å venta på fiber i to år til

– Det betyr at me må vurdera korleis me skal løysa finansieringa av desse prosjekta. Det kan vera aktuelt å auka kommunen sin del av rekninga, men det kan også vera ei løysing å søka om ytterlegare Nkom-midlar til dei same prosjekta i neste runde med tildelingar. Nå skal det dessutan hentast inn anbodsprisar for utbyggingane. Det gir oss sikrare prognosar for totalkostnaden, så det kan vera at prisane blir lågare enn me føresette i søknaden, seier rådmann i Hjelmeland, Wictor Juul.

Ifølgje Hjelmeland kommune sine tal vil desse utbyggingane sikra raskare internett for 81 husstandar i Vormedalen og 53 husstandar i området rundt Hetlandsbygda.


Husstandar Totalsum Kommune Utbyggar Nkom-søknad Nkom tildelt
Vormedalen 81 6250000 1562500 1000000 3687500 1843750
Hetlandsbygda 53 2950000 737500 600000 1612500 806205

Les også

Hjelmeland har søkt om fiberstøtte til 323 husstandar

Les også

Næringslivet i Hjelmeland har dårlegast breibandsdekning i Rogaland: – Feil av regjeringa å kutta i støtta, meiner NHO-direktør

Les også

Om seks veker kuttar Telenor strengen til internett for Leif Ole (70) og andre i Hetlandsbygda: – Kort frist og ingen gode alternativ

Les også

Blir det eit brot på denne telefonlinja, er folk på Fundingsland utan kontakt med omverda

Kommentarer til denne saken