Måndag skreiv me at det var til saman 51 smittetilfelle i Strand i førre veke. Tysdag føremiddag har det ikkje kome fleire positive testar, men smittevernoverlege Anja de Jong forventar at det blir ein del utover dagen.

På Tau skole er to klassar ramma av smitte. Det er elevar i to forskjellige klassar, som har testa positivt på hurtigtest. Desse er ikkje stadfesta med PCR-test, men foreldra er varsla og sysken blir henta heim. Alle i dei to klassane blir testa med hurtigtestar i løpet av tysdagen.

– Me håper dette er avgrensa til dei to klassane, seier de Jong.

Torsdag i førre veke var det fem nye smittetilfelle i Hjelmeland. To av dei gjaldt folk frå andre kommunar. Siden då har ein hjelmelandsbu, som oppheld seg i ein annan kommune, også testa positivt.