– To vaksne personar har fått stadfesta koronasmitte i Strand

Foto:

Laurdag ettermiddag fekk smittevernlege Anja de Jong stadfesta at to vaksne strandbuar er smitta av koronaviruset.

DEL

– Den eine av dei har vore i utlandet, medan den andre har blitt smitta i Norge. Det er to adskilte tilfelle, seier de Jong.

Ho viser også til at det er vaksne folk som ikkje har noko hjelpebehov og som kan ta seg av seg sjølve.

– Dei har milde symptom, seier smittevernlegen.

Etter at ho fekk dei positive prøvane har ho jobba med å kartleggja kven dei smitta har hatt nærkontakt med.

Artikkeltags