Over 3.000 fekk nyta utsikta frå fjelltoppane på Randøy i sommar

ØYRIKET: Det var 1.361 besøkande på Randåsen. På denne turen er det mellom anna flott utsikt til Kådavågen, Hovda, Børøy og Fisterøyane.

ØYRIKET: Det var 1.361 besøkande på Randåsen. På denne turen er det mellom anna flott utsikt til Kådavågen, Hovda, Børøy og Fisterøyane.

Randøy IL har hatt turbøker ute på fire fjelltoppar i sommar. Dei har blitt godt besøkte. Premiar blir trekte ut på idrettslaget sin bingo fredag kveld.

DEL

Arne Sandanger i Randøy IL har talt opp 3.019 namn i dei fire turbøkene frå toppane Randåsen, Bruratonå, Øyeåsen og Kodl.

– Randåsen er som vanleg den mest populære med 1.361 namn. I år har det også vore mange på Bruratonå, sidan det var ein av toppane i Kodejakta til Hjelmeland kommune. 662 har skrive namnet sitt i turboka der. Øyeåsen og Kodl har hatt besøk av 529 og 467 spreke personar, seier Sandanger.

I kveld skal Randøy IL ha sin årlege førjulsbingo. Då blir det også trekt ut vinnarar som får premiar frå dei fire toppane.

– Det betyr at det er for seint å bli med i trekninga av premiar for i år, men bøkene for 2020 ligg alt ute i postkassane. Det kan vera ein god grunn til å besøka dei fire toppane. Dette er gode turar i flott natur, meiner Arne Sandanger.

Artikkeltags