Torbjørg (88) og Jon Olav (87) la vekk førarkorta for godt for to veker sidan. – Viktigare å ha kvarandre enn å ha lappen

Både Torbjørg og Jon Olav Sigmundstad har førarkort som gjeld til dei er 90, men valde likevel heilt frivillig å seia stopp for meir bilkøyring. – Det er ei tøff avgjerd å ta, men likevel den beste måten å slutta av som bilførar på, meiner lensmann Arild Kleven.