Vegen stengt i Tveitebrekka – og kolonnekøyring i Svotunnelen

HEILT STENGT: Vegen er stengt i begge køyreretningar i den nedste krappe svingen i Tveidebrekkå i Årdal.

HEILT STENGT: Vegen er stengt i begge køyreretningar i den nedste krappe svingen i Tveidebrekkå i Årdal. Foto:

Politiet meldte cirka klokka 22.00 måndag kveld at eit vogntog stod fast i Svotunnelen. Nå står også eit vogntog på tvers og blokkerer begge køyreretningar i Tveitebrekka i Årdal.

DEL

Det er trafikantar som står og ventar som opplyser dette til Strandbuen.

– Eg køyrde frå Tau til Årdal måndag kveld. I Svotunnelen var det dirigering av trafikken, og bilar frå kvar retning blei sleppte forbi vogntoget kvar sin gong. Då me kom til Tveitebrekka var det derimot full stopp. Her kjem ingen forbi vogntoget med fisk som står på tvers, opplyser Odd Kåre Riveland, ein av bilistane som står og ventar.

– Me får opplyst at bergingsbil er venta om lag klokka 00.30, seier han.

Foto:

Artikkeltags