Motorsyklist var heldig

STORE MATERIALLE SKADER: Motorsykkelen fekk store skader i ulukka. Politibetjent Anders Haarr studerer skadene saman med brannsjef Asgeir Gjerde.

STORE MATERIALLE SKADER: Motorsykkelen fekk store skader i ulukka. Politibetjent Anders Haarr studerer skadene saman med brannsjef Asgeir Gjerde. Foto:

Motorsykkelen hamna på andre sida av autovernet på Riksveg 13 i svingen like etter Holtakrossen. Den mannlege føraren i 20-åra blei sendt til sjukehus med ambulanse på grunn av smerter i korsryggen og lysken, men var heldig som ikkje blei hardare skada.

DEL

Politiet meldte litt før klokka ni måndag kveld at ein motorsykkel hadde kjørt i autovernet ved Holtakrossen i Strand.

– Føraren klaga over smerter både i rygg og mage, så ambulansen tok han meg seg for å få han til sjukehuset i Stavanger, fortel politibetjent Anders Haarr på ulukkestaden.

Han stadfestar at motorsyklisten er frå nærområdet.

DROG SYKKELEN OPP: Brannfolk og politibetjent Anders Haarr drog motorsykkelen opp frå grøfta.

DROG SYKKELEN OPP: Brannfolk og politibetjent Anders Haarr drog motorsykkelen opp frå grøfta. Foto:

Både politi, brannvesen og ambulansar rykka ut til ulukka. Då Strandbuen kjørte mot Holtakrossen møtte avisa to ambulansar. På ulukkesstaden var det uklart kva som hadde skjedd, men politibetjenten ved Søre Ryfylke lensmannskontor fortel at han snakka med han seinare på kvelden.

– Føraren veit ikkje heilt kva som har skjedd, men det kan sjå ut som om både han og sykkelen har gått under autovernet. Hadde han treft litt høgare oppe, kunne skaden blitt mykje meir alvorleg, seier Haarr.

– Han visste ikkje måndag kveld heilt kva skader han har fått. Han venta på svar på røntgenbilda, men han hadde vondt i korsryggen og i lysken, held han fram.

Det var ikkje nokre synlege skader på autovernet, men motorsykkelen hamna på andre sida av det og ned i ei skråning. Brannmannskap og politibetjenten drog sykkelen med seg opp mot vegen.

Heile fronten på motorsykkelen hadde blitt slått av og venstresida var godt oppskrapt. Då naudetatane kom til staden var motorsyklisten bevisst.

DIRIGERTE TRAFIKKEN: Brannmannskapa tok seg av å dirigera trafikken forbi ulukkesstaden midt i den krappe og lange svingen etter Holtakrossen.

DIRIGERTE TRAFIKKEN: Brannmannskapa tok seg av å dirigera trafikken forbi ulukkesstaden midt i den krappe og lange svingen etter Holtakrossen. Foto:

Artikkeltags