Tredje smittetilfelle er påvist i Strand kommune

DEL

Strand kommune melder at det er påvist eit tredje tilfelle av koronasmitte i Strand. Ordførar Irene Heng Lauvsnes vil ikkje seia noko om den smitta har vore utanlands, eller om det er relasjonar mellom denne personen og dei to som har fått påvist smitte tidlegare, før eventuelt etter møte i beredskapsteamet onsdag morgon.

82 personar er testa for smitte i Strand kommune.

Artikkeltags