– Det må eit forbod til

Campingplass-drivar Bernd Kühne har hatt fleire ledige plassar til bubilar på Landa Park på Forsand enn nokon gong denne sesongen. Han slår fast at eit forbod mot å campa gratis med bubilen langs vegen må til for å sørgja for at turistane legg igjen pengar lokalt.