Utgangspunkt for mange turar

MELLOM HUSA: Nokre av stiane som har utgangspunkt i Hjelmelandsvågen går mellom husa i den gamle trehuslandsbyen i Vågen.

MELLOM HUSA: Nokre av stiane som har utgangspunkt i Hjelmelandsvågen går mellom husa i den gamle trehuslandsbyen i Vågen. Foto:

Hjelmeland kommune og gode hjelparar har brukt våren til å merka mange turstiar i og rundt kommunesenteret Hjelmelandsvågen. Torsdag blei turstiane offisielt opna av ordførar Bjørn Laugaland.

DEL

Åsmund Sirevåg, ein av dei frivillige som har gjort ein stor innsats for å få alt på plass, fekk også vera med på avdukinga av turstiane.

Parallelt med at turstiane har blitt merka og skilta, har også politikarane i Hjelmeland vedteke nye vegnamn for alle gangvegar og stiar på kryss og tvers i området rundt Vågen.

Det er både enkle og litt meir krevjande turar som er med i den nye satsinga, og som får Hjelmelandsvågen som utgangspunkt. Turar som Vågarunden og Klungen Rundt er overkomelege for dei fleste, medan turen frå Vågen via Hagalid til Skomakarnibbå er ei langt tøffare utfordring.

I samband med opninga på torsdag blei det også avduka blå historiske skilt som fortel om bankhuset i Vågen og om Enigheds Kobberværk som blei drive i Hjelmelandsvågen på 1700-talet.

Artikkeltags