«TV-innsamling, politikk og journalistikk»

Anita Husøy Riskedal.

Anita Husøy Riskedal. Foto:

Av
DEL

MeningerDette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.Først av alt må eg få rette ein takk til Strandbuen, som i sist leiar følte ansvar for å opplyse oss lokalpolitikarar i Hjelmeland om korleis dette med demokrati fungerer. Her har vi i Hjelmeland tydeligvis levd i den villfaringa at vi får lov å både meine forskjellige ting, OG diskutere dei. Sidan det verkar som om denne saka er blåst langt ut over dei proporsjonane den opprinneleg hadde, føler eg på eit liknande ansvar som lokalavisa; nemlig å bedrive litt opplysingsarbeid.

Saka starta som eit grunngjeve spørsmål til ordførar frå ein av representantane i Høgre. Spørsmålet handla om mottakaren av midlane, og om Hjelmeland kommune sitt økonomiske bidrag til aksjonen. Ordet boikott var ikkje nemnt. Ved grunngjevne spørsmål får ikkje andre i kommunestyret høve til å uttale seg, så difor ba representanten om å få ei sak på dette til neste formannskap, for å få ein diskusjon der fleire får delta. Meir dramatisk er det ikkje. Fleire kommuner har gått til ulike typar boikott av årets aksjon, så at lokalpolitikarar av den årsak ønsker å diskutere dette, meiner eg er alt anna en problematisk. Det betyr ikkje at eg er samd i at det er rett med ein boikott av TV-aksjonen.

Strandbuen er meget bestemt på kva vi som politikarar har, og ikkje har lov til å meine noko om når det kjem til tv-aksjonen og WWF. Vidare vert vi gjort merksame på at det er både flaut og oppsiktsvekkjande om vi står utanfor, og at dette vil skade omdømet vårt. Eg tenker for min del at det er eit langt stykke frå å debattere ei sak der ein kommunestyrerepresentant har behov for å tenke høgt, til at Strandbuen på leiarplass går i krisemodus. Leiaren påpeiker vidare, som rett er, at dette er noko innbyggjarane må få bestemme sjølv, og at lokalpolitikarane ikkje kan velje for dei. Eg kunne ikkje vore meir samd. Dette poengterte også ordføraren i sitt svar; at uansett kva ein eventuell diskusjon skulle føre til, så må kommunen legge til rette for innbyggjarane.

Så kjem den delen der eg måtte stoppe opp og lese ein ekstra gong. «Truleg handlar skepsisen i Hjelmeland om manglande kunnskap om tv-aksjonen og om WWF.» Verkeleg? Er det sånn i Strandbuen sin redaksjon at ein kun er skeptisk til det ein manglar kunnskap om? Då må eg på same måte stille spørsmål ved kva kunnskapsmangel avisa sin skepsis i denne saka botnar i ...

Frå år til år vil det vere ulike oppfatningar både hjå journalistar, politikarar og innbyggjarar om den NRK har peika ut som mottakar, utan at det treng påverke anna enn den einskilde sitt private bidrag. Og slik bør det etter mitt syn vere. Men, eg kjem likefullt til å forsvare retten til å debattere temaet politisk sjølv om Strandbuen meiner det er unødvendig.

Strandbuen bør (heller) ikkje rope ulv på feil grunnlag. Det pleier ikkje løna seg.

For dei som måtte lure - Hjelmeland Sp kjem nok ikkje til å støtte ein kommunal boikott av tv-aksjonen. Ikkje fordi vi ikkje er skeptiske til delar av WWF si verksemd, men fordi vi meiner tv-aksjonen med sine lange tradisjonar har ein viktig rolle i samfunnet vårt, og at kampen mot plast i havet er ei viktig sak for oss.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken