Tvillingsteinane er reiste til minne om den dramatiske dagen då Edvard Valheim (26) blei klemt i hel. Ingen veit kven som har reist dei

Folk som har gått den merka turen rundt Kaldavatnet i Bønarheia i Årdal, har truleg sett to steinar som står litt underleg plasserte i terrenget. Dei står som minne om ei 104 år gamal, tragisk hending, og det er ikkje tilfeldig at det er to steinar som står inntil kvarandre.